Vil du vere med å bygge opp Noregs fyrste regionale kompetansesenter for energisaker?
Kraftkompetanse KO er eit nytenkande og framtidsretta kompetansemiljø – eit kommunalt oppgåvefellesskap som samlar krafta frå åtte engasjerte kommunar (Tinn, Hjartdal, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Kviteseid og Seljord) og Telemark fylkeskommune. Sidan etableringa i 2020 har me arbeidd for å sikre og utvikle verdiane som ligg i regionens rike naturressursar.
Me er eit formalisert kommunesamarbeid for kraftsaker og forvaltning av naturressursar, og spelar ei nøkkelrolle i å styrke kommunane si evne til å forvalte eigne rettar, møte nye miljøkrav og skape berekraftig utvikling. Gjennom samarbeid, kompetansedeling og strategisk innsats bidreg me til å gjere kommunane mindre sårbare og meir handlekraftige.
Kraftkompetanse er ikkje berre ein arbeidsplass – det er ein arena for påverknad, utvikling og fagleg vekst. Her får du vere med på å forme framtida for kraftregionen Telemark, og bidra til at verdifull kompetanse blir verande og vidareutvikla i regionen.
Kraftkompetanse har per i dag ein person tilsett, men med auka aktivitet og ambisjonar kjem også behov for å bygge laget. Me søkjer difor etter ein engasjert medarbeidar som vil vere med på å forme framtida for kraft, energi og nett i Telemark. Det er store prosjekt på gang innan kraft- og nettutbygging, og me står no i startgropa for å utvikle eit meir heilskapleg kompetansesenter som skal bli ein sentral støttespelar til kommunane i Telemark i handsaming av energisaker. Korleis skal kommunane balansere mellom samfunnsutvikling, klima og natur? Dette er ei unik moglegheit for deg som vil vere med å utvikle eit framtidsretta fagmiljø, bidra til lokal verdiskaping og vere tett på dei store endringane som skjer i kraftbransjen.
Prosjektleiarstillinga er ei 3-årig prosjektstilling med moglegheit for fast tilsetting etter at prosjekttida på 3 år er over. Stillinga vil vere sentral i å bygge opp eit regionalt kompetansesenter for kommunane i Telemark.
Dette vert det første regionale kompetansesenteret for energisaker i Noreg. Prosjektleiarstillinga vert sentral i å forme korleis kompetansesenteret skal vere organisert og fungere i praksis.
Kompetansesenter for energisaker:
Kompetansesenteret skal støtte kommunane og fylket i å handsame komplekse energi- og nettsaker:
Utdanning frå høgskule eller universitet innan eitt eller fleire fagområde:
Gjerne også utdanning relatert til:
Andre utdanningar kan også bli akseptert dersom søkjaren har relevant erfaring.
Erfaring:
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Arbeidsstad vil vere Åmot i Vinje eller Seljord med noko moglegheit for heimekontor. Du må vente noko reiseaktivitet til dei ulike kommunane og førarkort klasse B er difor eit krav.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kraftkompetanse KO er oppteken av mangfald og ynskjer at tilsette i føretaket reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!